Huseigar er ansvarleg for at hybelen eller leilegheita du leiger har det branntekniske utstyret som er kravd i regelverket til bustader. Reglane har endra seg gjennom åra, men nokre minimumskrav skal vere på plass uansett når bustaden er bygd.

 

Røykvarslar eller brannalarmanlegg

Det er krav til røykvarslarar i alle etasjar i eit bustadbygg. Varslaren skal kunne høyrast inn i alle opphaldsrom, som til dømes hyblar eller soverom i leilegheiter. Vi tilrår varslarar som er kopla saman i serie slik at alle i bustaden blir varsla samstundes om ein brann skulle oppstå. I nye bygg er det krav til denne typen seriekopling. Nokre bygg har også brannalarmanlegg. Gjer det kjent med kva som er der du skal leige. 

 

Sløkkemiddel

Det skal alltid vere godkjent sløkkemiddel tilgjengeleg i bustader. Det kan vere ein husbrannslange, pulverapparat eller skumapparat. Gjer deg kjent med kva som er i bustaden der du leiger og kor det står plassert om du får bruk for det. Huseigar er ansvarleg for at sløkkemiddelet er kontrollert og i orden. 

 

Rømmingsvegar

Dersom du leiger ein hybel er du ein del av leilegheita elles og rømmingsvegen ut frå hybelen vil vere felles med resten av dei som bur i huset. Merk deg at dersom hybelen er i andre etasje eller på loftet, og det ikkje er utgang direkte til terreng, kan vindauget vere rekna som ein rømmingsveg. Forskriftskravet er at dersom det er fem meter eller mindre frå underkanten av vindauget ned til bakken, skal du kunne hoppe ut dersom det brenn. Er avstanden større skal det vere montert stige på veggen utafor vindauget. Vindauget skal også vere stort nok til å rømme gjennom. Pass også på at nettopp vindauget på din hybel kan vere rømmingsveg for andre rom i same etasje. Spør om du då kan låse hybelen om natta og når du skal reise vekk.

Har du ei kjellarleilegheit eller ein hybel i kjellaren eller i ein anna etasje med dør ut til terrenget, er det ikkje krav til at vindauget frå soverommet skal kunne brukast som rømmingsveg.

 

Du har eit ansvar

Du har sjølv ansvar for å følgje med at røykvarslaren fungerer, at sløkkeapparatet er plassert der det er avtalt at det skal stå og at det fungerer og at rømmingsvegen er lett å kome til i ein naudsituasjon. Meld i frå til huseigar om noko er feil. 

Du har elles ansvar for å opptre sånn at det ikkje oppstår brann der du er. Det betyr at du må vere merksam når du lagar mat, ikkje legge elektronikk til lading, sette på vaskemaskinen, tørketrommelen eller oppvaskmaskinen når du legger deg for å sove eller forlater huset, og ikkje driv med aktivitet innandørs eller utandørs som kan føre til brann. 

 

Sjå også tips på sikkerhverdag.no

 

Sogn brann og redning IKS ønskjer deg ei branntrygg hybeltid.