- Det skremmer at over halvparten av alle nordmenn ikkje har teke den viktige brannpraten med familien. Ein samtale rundt middagsbordet for å bli einige om møtestad ved brann, kven som skal ta med kva barn og så vidare, er eit enkelt tiltak for å auke tryggleiken heime, seier Anders Rørvik Ellingbø. Han er branningeniør og leiar for skadeførebyggjande avdeling i forsikringsselskapet If.

1 av 4 hevdar dei har gjennomført brannøving og prøvd ut rømmingsvegar heime, viser undersøkinga som TNS Gallup nyleg har utført for Norsk brannvernforeining, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og If.

- Brannøving heime er noko vi ønskjer at alle skal ha. Særleg hos barnefamiliar er det viktig at dei vaksne har ei avklart rollefordeling i tilfelle brann, slik at ein unngår misforståingar i ein kritisk situasjon der ein kanskje ikkje klarer å tenkje klart. Eit skrekkscenario er at nokon går tilbake inn i eit brennande hus fordi dei ikkje finn kvarandre på utsida, og så står den ein leitar etter trygt ein annan stad ute, seier Olav Helge Ylvisåker i Sogn brann og redning IKS.

På rundt 350 stader over heile landet inviterer brannvesenet til Open brannstasjon laurdag 22. september. Open brannstasjon er lagt opp som ein familieaktivitet, der barn og vaksne får gode råd om branntryggleik. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleve, og nokre stader får borna også helse på Brannbamsen Bjørnis. 

- Open brannstasjon gir oss eit høve til å formidle brannførebyggjande bodskap til publikum i ei tid på året da talet på bustadbrannar ofte er aukande. Om hausten trekkjer vi meir innandørs, og vi slår på lys og varme, fyrer i peisen og tenner levande lys, seier Ylvisåker.

 

Brannvernveka vert arrangert av Norsk brannvernforeining, DSB og If i samarbeid med brannvesenet. Mange stader deltek også lokale If-kontor, Det lokale el-tilsyn og Sivilforsvaret. I vårt distrikt er det Sogn brann og redning IKS som står for gjennomføringa av arrangementet. Her inviterer vi til open dag på 5 brannstasjonar lørdag 22 september mellom klokka 10.00 og 14.00. Det vil seie i Vik, Balestrand, Leikanger Sogndal og Gaupne i Luster kommune. Oversikt over andre brannvesen som inviterer til open brannstasjon, finnes på nettstaden www.brannvernuka.no.

 

Mediekontaktar lokalt:

Olav Helge Ylvisåker, branninspektør i Sogn brann og redning IKS.

Mobiltlf: 918 42 982.

Mediekontaktar sentralt:
Sigmund Clementz, informasjonssjef i If Skadeforsikring
Mobiltlf: 982 49 805


Håvard Kleppe, avdelingsleiar for kommunikasjon i Norsk brannvernforeining
Mobiltlf: 958 19 692


DSBs pressevakt
Mobiltlf: 992 52 000