Førebyggande avdeling har ansvar for å utføre brannførebyggande arbeid etter Forskrift om brannforebygging og føre byggetilsyn etter plan- og bygningslova på vegne av dei tre eigarkommunane våre. Avdelinga består av avdelingsleiar, tre inspektørar, feiarformann og fire feiarar.

Hovudmålet til avdelinga er å førebygge brann, og såleis unngå tap av liv og verdiar, og å drive eit førebyggande arbeid gjennom byggetilsynet for å auke sikkerheita i nye og ombygde bygg. Det førebyggande arbeidet er først og fremst knytta til lovpålagde oppgåver, men også til andre oppgåver som har stor verdi knytt til førebygging. Arbeidet skal vere bygd på erfaringar og statistikk frå hendingar både lokalt og nasjonalt. Det føresett eit velfungerande samarbeid med beredskapsavdelinga og med byggesaksavdelingane i kommunane.

Inspektørane utfører branntilsyn i verksemder som er definert som særskilde brannobjekt/risikoobjekt. Det vil seie objekt (bygningar, tunnelar) der det er stor risiko for tap av menneskeliv eller store verdiar ved brann. I tillegg driv avdelinga med variert brannførebyggande arbeid mellom anna informasjonsverksemd retta mot til dømes utsette grupper, sakshandsaming knytt til brannfarleg- og eksplosiv vare, rettleiing for bygningsmyndigheitene, deltaking i risiko- og sårbarhetsanalysar, uttaler til reguleringsplanar m.v.

Feiarane utfører feiing i sommarhalvåret og tilsyn med fyringsanlegg i vintersesongen. Dei er ein viktig brannførebyggande ressurs ut mot den enkelte privatperson i sin bustad.

Byggetilsynet skal føre tilsyn i eit omfang som gjer at regelbrot blir avdekka. Oppgåvene blir henta gjennom bekymrameldingar frå publikum og kommunane, og saker som blir plukka ut frå vedtak fatta i byggesaksavdelingane i eigarkommunane.

Meir informasjon om dei brannførebyggande oppgåvene finn du på nettsida til DSB 

Meir informasjon om byggetilsyn og byggereglar finn du på nettsida til DiBK