Branntryggleik heime hos deg er veldig viktig! Visste du at det tek deg berre rundt 10 minutt å sjekke om din branntryggleik er i orden?

Start med å sjekke røykvarslaren! Røykvarslaren redder liv!

Varslinga er det viktigaste! Ein røykvarslar kan vekke deg i tide når røyken startar å spre seg. Når den startar å pipe har du maksimalt 3-4 minutter å komme deg ut av bustaden din. Det er som oftast røyken som drep, ikkje flammane.

  • Det er påbudt med minst éin røykvarslar pr. bolig/pr etasje
  • Sjå til at den er riktig plassert! Den skal ikkje vere montert i et hjørne eller nær veggen (min. 30 cm i fra). Om den henger nær eit baderom og kjøken kan den pipe unødig ofte. Da bør du vurdere plasseringa på nytt.
  • Du bør ha minst éin røykvarsler i hver etasje, og éin på kvart soverom
  • Sjekk røykvarslaren ein gong pr. månad
  • Bytt batteri éin gang i året. ( 1.desember er røykvarslarens dag!)
Fortsett med slokkeutstyret!
  • Ein brann utviklar seg raskt – med slokkeutstyr kan du slokke brannen i startfasen. Om det oppstår mykje røyk bør du heller evakuere enn å prøve å slokke.
  • Det er påbudt med husbrannslange eller håndslokkeapparat.
  • Slokkeutstyret skal vere lett tilgjengeleg og ikkje pyntast eller brukast som kleshengar – les brukarmanualen
  • Ein husbrannslange skal kunne nå til alle rom i bustaden
  • Sjekk at slokkeutstyret er i orden.
    • Ein vanlig kontroll går ut på:

    • At manometeret står på grønt.

    • Plomberinga er inntakt

    • Pulveret er løst og fint i apparatet.
    • Strålerøret er heilt og fint.
    • Pulverapparat har ein levetid på 10 år.

      Bedriftar skal ha kontroll 1 gang i året

Veit du kvar rømingsvegane dine er? Og er dei fri for rot?
  • Det skal vere to rømingsvegar ut av boligen din. Iht. lovverket er eit vindu opp til 5m frå bakkenivå ein sekundær rømingsvei. Av og til er også brannvesenet andre rømingsvegen (gjeld ikkje i Sogn brann og redning IKS). Men personar i bustaden bør vere informert om det.
  • Du skal kunne komme deg raskt ut av bustaden – utan å nytte nøkkel
  • Rømingsvegane må ikkje vere sperra av møblar, syklar, barnevognar og andre gjenstandar. Det er eit felles ansvar/plikt å halde rømingsvegane ryddig.
  • Ved større bueiningar bør rømingsveiene ha god lyssetting.
Sjekk sikringane! Dersom noko er gale – kontakt elektrikar!
  • Sikringane er tryggleiksvakt for det elektriske anlegget
  • Om sikringane går ofte eller er svært varme – kontakt elektrikar for å sjekke heile det elektriske anlegget
  • Om du har skrusikringar: Sjekk at dei er skikkeleg skrudd til. Dei skal ikkje vere lause eller varme.
  • Hobbyelektrikeran er brannfarlig!
Ha respekt for elektrisitet!
  • Ha få elektriske apparater på når du søv eller forlet bustaden, unngå lading av mobiltlf om natta og ikkje bruk vaskemaskin og tørketrommel.
  • Hold alltid komfyren under oppsyn når du lagar mat. Nye bustader skal ha komfyrvakt!
  • Bruk elektriske apparatar riktig – les brukarmanualen
  • Bruk ikkje dei elektriske varmeomnane som tørkestativ – plasser omnane i god avstand frå gardinar og liknande
  • Stikkontakt lister skal ikkje nyttast i samband med apparat som brukar mykje strøm!
  • Du har ikkje lov til å installere eller utføre arbeid på det fast monterte elektriske anlegget
  • Du har kun lov til å montere lause lampeledningar og liknande

Har og bruker du omn? Unngå brann – fyr riktig!

  • Fyr med tørr ved og ha alltid god trekk
  • Aske skal oppbevarast i ubrennbar beholder med lokk
  • Tøm aske forsvarleg. Aske kan vere brannfarlig i fleire dagar
  • Har du spørsmål om fyring – kontakt feiarane våre

Veit du naudnummeret til brannvesenet? Brannvesenet redder liv, helse, miljø og verdiar!

  • Rask varsling gjev rask hjelp. Ring 110
  • Når du melder brann: Sei kven du er og oppgi riktig adresse
  • Svar på operatøren sine spørsmål så godt du kan og følg instruksjonane. Td. vil han gje deg råd om kva du skal gjere ved pipebrann.