Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Feil i utskriving av feiegebyr i Luster kommune

Det vart i 2014 gjort nokre feilregistreringar av Sogn brann og redning i Luster kommune som gjorde at det vart sendt ut feil feiegebyr til nokre av huseigarane i kommunen.

Dette gjeld dei huseigarane som fekk endra feiefrekvensen, og då også endra feiegebyret. Det som vart gjort feil under registreringa var at det vart registrert endra gebyr frå 01.01.2015, og samstundes ikkje tatt vekk det gamle gebyret som kun skulle gjelde ut 2014. Dette førte då til at gammalt gebyr fortsatt var registrert, i tillegg til det nye gebyret. Med andre ord har dei huseigarane dette gjeld då fått to gebyr å betale i staden for eitt. Feilen vert retta og vi beklagar så mykje det inntrufne!               

Kåre Egil Skjerven

Avd.leiar førebyggande

Sogn brann og redning